Kammermusikk på Fredheim
Vikebladet Vestposten
24. april 2010
Profesjonell og amatør
Sunnmørsposten
10. mai 2010
Musikkperler av internasjonal klasse
Vestlandsnytt
11. mai 2010
Vellukka kammermusikkfestival
Møre
11. mai 2010
Sunnmøre kammermusikkfestival
Kammermusikk på Fredheim
Vikebladet Vestposten
24. april 2010
Profesjonell og amatør
Sunnmørsposten
10. mai 2010
Musikkperler av internasjonal klasse
Vestlandsnytt
11. mai 2010
Vellukka kammermusikkfestival
Møre
11. mai 2010
Kulturskulane handplukkar no unge talent som skal spele på Sunnmøre kammermusikkfestival. 16 år gamle Sebastian Frøystad frå Fosnavåg er ein av dei.
HANDPLUKKA: Musikktalent Sebastian Kvalsvik Frøystad er valt ut til å spele på Sunnmøre Kammermusikkfestivalen saman med profesjonelle artistar.
Omkring handplukkar no kulturskulane lovande og vidarekomne musikkelevar som skal få moglegheit til å spele på konsertane saman med profesjonelle artistar. Pianist og fiolinist Sebastian Kvalsvik Frøystad er ein av desse elevane.
- Eg seier sjeldan nei til ein konsert. Eg liker å spele for eit publikum og gje dei glede gjennom musikken, seier 16 år gamle Sebastian.
Sunnmøre Kammermusikkfestival skil seg ut frå andre festivalar. Den har som klar målsetjing å bidra til vekst og utvikling for musikklivet i regionen. Artistane har ikkje berre forplikta seg til å spele på konsertane – dei har også forplikta seg til å gje minimum 90 minutt med undervising til utvalde talent frå kulturskulane omkring. Dette blir kalla meisterklasser. Dette skal Sebastian også vere med på.
- Dette er først og fremst ein stor inspirasjon for dei unge talenta. Eg trur verkeleg at dei vil lære mykje av dette. Det er eit heilt nytt konsept som ikkje har vore prøvd før, og eg trur musikarane har mykje å lære vekk og elevane har mykje å lære. Kammermusikk er noko av det edlaste ein finn. Eg har stor tru på dette, seier Robert Skeide som er rektor ved Herøy kulturskule.
Sebastian Kvalsvik Frøystad er valt ut til å spele på Sunnmøre Kammermusikkfestivalen saman med profesjonelle artistar.
Sebastian har høge forventningar til den komande kammermusikkfestivalen. Han skal spele på den nest siste konserten under festivalen som skal vere i Herøy Frikyrkje i Fosnavåg.
- Eg gler meg. Eg trur verkeleg det blir kjekt og at ein vil få høyre mykje fin musikk, seier Sebastian.
Han har fleire gongar blitt omtalt som Herøy sitt største talent. Sebastian vann nyleg Ungdommens Kulturpris under Ungdommens Kulturmønstring, og øver meir enn fire timar aleine kvar dag. Mellom anna spelar han i Havella Spelemannslag og i eit lokalband med namn «Bird Talk». Sebastian har spelt fiolin sidan han var fem år gammal. Men det var først i 2001 han sette fingrane i pianoet.
- Han har opptredt i massevis rundt omkring og stiller alltid opp. Han er eit av dei verkeleg store talenta våre. Han har eit stort repertoar å spele på, seier Skeide.
Sebastian fortel at han ønskjer å drive med musikk som yrke i framtida. Det er pianoet han i utgangspunktet ønskjer å leve av. Som førebilete har han mellom anna pianist Leif Ove Andsnes, sjølv om han gjerne høyrer på rock og pop.
- Eg øver nok mest på pianoet. Det er det eg kjenner eg meistrar og liker best. Musikk er mitt hovudtema. Det er ikkje noko anna eg kunne tenkt meg å drive med. Det er det eg liker best, fortel han.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir eit utøvarstipend på 25000 kroner til eit musikkskuletalent under Sunnmøre kammermusikkfestival.
Marknadssjef Lillian Breivik, Oddbjørn Nes frå festivalstyret og personalsjef Vidar Egset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre
– Stipendet vert gitt til unge talent under kammermusikkfestivalen, seier personalsjef Vidar Egset i banken.
Fleire av musikkskuleelevane i regionen har talent på nasjonalt nivå, og desse vil vi hjelpe fram. Prisvinnaren vert annonsert under avslutningskonserten laurdag.
– Vi vil gjerne gje noko attende for å stimulere det lokale kulturlivet, kommenterer også marknadssjef Lillian Breivik i banken.
– Vi tykkjer det er kjempemotiverande å sjå at det lokale næringslivet stiller opp på denne måten, kommenterer Oddbjørn Nes, som er med i festivalstyret for Sunnmøre kammermusikkfestival.
– Prisutdelinga vert halden under avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag 8. mai kl. 19.00. Der vil prisvinnaren kvittere med eit musikalsk innslag.
Prisutdelinga vert føreteken av Marthe Styve Holte, styreleiar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Sunnmøre kammermusikkfestival vert arrangert for første gong 6.- 8. mai 2010. Bak den nye festivalen står Høgskulen i Volda og ei rekkje samarbeidspartnarar frå Søre Sunnmøre i nært samarbeid med fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge.

Fortsett å lese ‘Programmet for Sunnmøre kammermusikkfestival 2010 er klart’
Klikk på bileta for å få full storleik på faksimilene.
Fortsett å lese ‘Presseklipp og faksimiler frå media i november’
- Sunnmøre kammermusikkfestival er ei planlagt nyskapning og blir arrangert første gong 4. til 8. mai 2010. Bak festivalen står Høgskulen i Volda, Symfoniorkesteret, musikkskular i nært samarbeid med professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø. Dei har fått med seg musikarar på topp internasjonalt nivå. Fortsett å lese ‘Sunnmøre kammermusikkfestival er etablert’
Frå 4. til 8. mai 2010 vil publikum, musikkskulelevar, studentar, internasjonale artistar og andre frå musikklivet i regionen oppleve konsertar, prøver, øvingar og seminar.
Frå www.kammermusikkfestival.no kan du få oppdatert artistlister, nytt frå skular og andre samarbeidspartar.
Fredag 27.11.2009 kl. 12.00 vert det halde ei pressekonferanse der høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. og andre involverte orienterer om nyetableringa. Pressekonferansen vert halden på Høgskulen i Volda.
For meir informasjon
Jacob Kjøde jr 70075010, e-post jk@hivolda.no
Oddbjørn Nes 70075055, e-post oddbjornn@hivolda.no