Meisterklasser
Den 4.-6. mai vil det vere meisterklasseundervisning for alle som ynskjer å lære av internasjonalt anerkjende artistar. Sunnmøre kammermusikkfestival samarbeider med kulturskulane på Søre Sunnmøre. I fem dagar skal dei tilreisande artistane gje instruksjon til vidarekomne elevane (meisterklasser). I tillegg vil det bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarane, då vi særleg ønskjer å stimulere unge musikarar.
Tidspunktet for meisterklasse vil vere måndag, tysdag og onsdag frå kl. 16-20.
Nokre av elevane vert plukka ut til å spele på konsertane og er også med om å konkurrere om eit talentstipend på kr 25.000. Den som blir tildelt talentstipendet vil vere med å spele på avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag 7. mai.
January 21st, 2011 by admin
