Om festivalen

Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø, som er musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen.

Ein festival for alle

Plagge og Follesø vil kvart år ha ansvaret for programmet og handplukke musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på Søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå.

I tillegg til dette ønskjer vi å stimulere unge musikarar for å få ein generell vekst og ei utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammermusikkfestival seg ut frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikkrefter knyte saman regionen. Dette skal vi gjere gjennom eit samarbeidsprosjekt med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen, vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar.

Fem konsertar på Søre Sunnmøre

Festivalen vil gå over tre dagar. I desse dagane skal det haldast fem konsertar i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Konsertane vil bli haldne på Høgskulen i Volda, i Ivar Aasen-tunet, Volda kyrkje, “Fredheim”  i Ulsteinvik og i Herøy kyrkje. Festivalen vil bli avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje.

January 21st, 2011 by